Leie et tog
Rutetider 2010
Banen og samfunnet
Historisk bakgrunn
Historisk oversikt
Banedata
Togmateriellet
Dresinutleie
Salgsboden
Styrene
Fotoalbum
Kontakt oss
Om AS Valdresbanen
Om Nye Valdresbanen - Bli medlem!
Bli aktiv
Meld deg til tjeneste
|
Valdresbanen
Jubelfeiring for Valdresbanen Jubelfeiring for Valdresbanen!
Mellom 2000 og 3000 deltok i feiringa av 100-årsjubileet på Valdresbanen 29. september til 1. oktober. I alt var det løyst 1134 billettar under dei ulike arrangementa: damptogturane Eina-Dokka, jubileumsarrangementet på Fagernes stasjon, jubileumsmiddagen på Fagernes Hotel, jubileumskabareten i Sentrum kino på Dokka og togrestauranten på Ankalterud Gård. I tillegg hadde folk møtt opp i store skarer under jubileumsarrangementa på stasjonane Eina, Trevatn, Hov og Dokka. Og langs banen sto mange klare med fotoapparatet, mens andre vinka til toget, mange med norske flagg.
Etter togtur med Norsk Museumstogs veteranvogner og El 11-lok til Eina, og damplok vidare til Dokka på sjølve jubileumsdagen fredag ettermiddag, bar det vidare med buss til Fagernes stasjon. Her vart passasjerane møtt av ein stor skare som fekk oppleve teatertablå med gjenskaping av stemninga frå opningsdagen i 1906. Blant anna fekk vi gjenoppleva opningstalen til kong Haakon 7. i Jahn Børe Jahnsen sin skikkelse. Nord-Aurdal sanglag, som song gamle valdresviser iført gamle songarluver, bidrog også til å skapa stemning i septembermørket. Under jubileumsmiddagen, der menyen bestod av ”perronglam” og frukt og is på ”sjokoladeskinnegang”, var det fleire teatertablå og ei rekke taler, blant anna av ordførar Svein Erik Hilmen i Nord-Aurdal, varaordførar i Vestre Toten Hans-Petter Olsen, tidlegare stortingsrepresentant Åge Hovengen og samferdselssjef i Oppland, Arild Bøhn. Dei uttrykte alle håp for Valdresbanen som turistbane. Og Alf Sagbråten viste film frå siste ordinære togdag på Fagernes stasjon.
Laurdag var den store markeringsdagen med damptogtur Dokka-Eina-Dokka. På Eina serverte Eina bygdekvinnelag kaffe og vaflar i den gamle jernbanekafeen og ordførar i Vestre Toten, Stein Knutsen, heldt tale.
På Trevatn var det stor bygdedag i regi av blant anna Trevatn idrettslag. Trevatn Musikkorps spelte, det var grilling, og varaordførar Kai Werner Evensen stilte med eigen veteranbuss.
Hov stasjon var pynta med girlandrar og norske flagg, akkurat som i 1906, ordførar Reidar Eriksen heldt helsingstale, Hov Musikkorps spelte feiande marsjar, og i venterommet var det bildeutstilling.
På Dokka stasjon vart toget teke imot av Dokka Musikkorps. Her var også bildeutstilling og servering i den nyoppussa jernbanerestauranten. Regnver og tjukk tåke la ingen dempar på jubileumsstemninga. Folk gjekk likevel mann av huse. Tørninga av loket på den gamle svingskiva på Dokka stasjon vart ei oppleving i seg sjølv, med rundt 100 skuelystne rundt skiva.
Under jubileumskabareten i Sentrum kino på Dokka fredag kveld fortalte den gamle skøytehelten Torstein Seiersten om korleis han bygde opp skøyteformen før OL i Squaw Valley ved å springe framfor godstoget og strø sand på skinnegangen. Ordførar Liv Solveig Alfstad uttrykte håp for Valdresbanen som turistbane og sette banen i samanheng med oppbygging av eit informasjonssenter i Randsfjorddeltaet. Rallargruppa Villslusk spelte valdresbaneviser og eigenkomponert jubileumsvise, Kim André Barlund spelte piano og 10-åringen Halvor Espeset dansa halling til den store gullmedaljen, til hardingfelespel av Gunnar Kværne Amundsen. Harald Slåttsveen viste valdresbanefilm til kommentarar frå Bjørn Karsrud, og programleiar Ingun Kompen bandt det heile saman på profesjonelt vis. Og før kveldssetet på Ankalterud var det ”20 minutters opphold og restaurant” med servering av ein gammal spesialitet på Valdresbanen: eplekake og buljong.
Jubileet vart avslutta søndag med med togkafé på Dokka stasjon og retur med veterantoget til Oslo. AS Valdresbanen sette elles opp ekstratog med motorvogn på strekningen Eina-Dokka-Eina etter at damptoget hadde kome tilbake til Eina.
Det er ein stor innsats som ligg til grunn for jubileet. Nær 150 aktørar har vore i sving og gitt sitt bidrag. AS Valdresbanen og Nye Valdresbanen takkar alle som har bidratt for å få jubileet i hamn og alle som tok del i jubileet!
|
Aktuelt:
Ny Valdresbanekalender!!
2010-2011 i handelen Les mer
Motorvognaksjonen
Innsamla hittil: 91.600 Les mer
Bildespill
Vi har fått inn dette bildespillet på e-post Les mer
Kr 55.700 til Bompengeaksjonen
Til 03.09: kr 55.700 Sidan sist: kr 100 Les mer
Dugnad i Eina lokstall 21. august
Lyst til å bli med en lystig gjeng på dugnad? Neste dugnad lørdag 21. august kl 10.00. Les mer

Valdresbanen som kunde
Valdresbanen bidrar i lokalmiljøet Les mer
Ny bildeserie
Dampbilder fra 100-års feiringen av Valdresbanen er publisert!
Klikk på "Fotoalbum" i menyen Les mer
Dresin til Margit og Valdresbanen
Les mer
Suksess for motedesignerne fra Valdresbanen
Designerduoen Arne & Carlos, som bor på Tonsåsen stasjon på Valdresbanen, gjorde i fjor suksess med sine moteframvisninger på Flytoget. I år viste Arne Nerjordet og Carlos Zachrison sine kolleksjoner for et stort publikum på Oslo S. Les mer
Valdresbanen i bilder, flott bildehistorie
Vi har utgitt og selger en flott bildebok med 370 bilder fra Valdresbanen 1900-2005. Les mer
|