Valdresbanen
Kr 55.700 til Bompengeaksjonen
Nye Valdresbanen har sett i gang ein ny bompengeaksjon for 2010. 3. september har det kome inn i alt kr 55.700.
Ved å betale inn minimum 100 kroner til Nye Valdresbanen postgirokonto nr. 6179.05.38896 og merke innbetalinga med Bompengebillett mottek du ein flott, symbolsk bompengebillett med gammalt foto frå Valdresbanen i postkassa når aksjonen er avslutta. Du kan også kjøpe fleire billettar og for eksempel gi bort som gave. Bompengeaksjonen er eit svært viktig bidrag til drifta av Valdresbanen. Pengane blir brukte til revisjon av motorvogna og vegetasjonsrydding på banen. I 2003 kom det inn: 42.000 kroner i bompengeinntekter, i 2004: 33.055, i 2005: 24.650 kroner, i 2006: 29.244 kroner, i 2007: 41.600 kroner, i 2008: 51.010 kroner og i 2009: 70.654 kroner. Hittil i år: kr 55.700.
Totalt alle 8 år til nå: 347.833 kroner. Gjennomsnitt pr. år: 43.478 kroner.
Pr. dag i 2010: kr 227. Vi håpar at mange vil støtte oss også i 2010. Nytt innsamlingsmål 2010: kr 60.000.
Du kan følgje med på innsamlinga på våre nettsider www.valdresbanen.no.
Nye Valdresbanen Postboks 122 2901 FAGERNES
kto 6179.05.38896
|