Hovedsiden
Leie et tog

Rutetider 2010

Banen og samfunnet

Historisk bakgrunn

Historisk oversikt

Banedata

Togmateriellet

Dresinutleie

Salgsboden

Styrene

Fotoalbum

Kontakt oss

Om AS Valdresbanen

Om Nye Valdresbanen - Bli medlem!

Bli aktiv

Meld deg til tjeneste


Valdresbanen


Arkiverte artiklar


580 friske millionar skal få godstoga fram
(Februar 2009)- I statsbudsjettet for 2009 er om lag 580 millionar kroner sette av til godsterminalar og kryssingsspor, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete under Jernbaneforum 2009 i Oslo i februar. Nytt kryssingsspor ved Jensrud på Gjøvikbanen er eitt av desse prosjekta.

Liv Signe Navarsetes jernbanetale

Godtfolk!

Det er kjekt å kome hit og treffe så mange gode jernbanevener på ei gong. I fjor trur eg at eg innleia med å seie at eg ikkje kunne hugse at jernbana hadde vore så langt framme i samfunnsdebatten og hatt så mange offensive og gode vener før. Eg vil seie at jernbana no om mogleg er endå meir i vinden enn tidlegare. Difor er eg glad for å kunne seie at me har gjennomført tidenes satsing på jernbane. Me har auka investeringane med 176 prosent og har jernbanebudsjett på over 10 milliardar. Det varslar ei ny tid for jernbana.

Både statsministeren og eg har i rollene som partileiarar teke til orde for ei ytterlegare auke i samferdselsløyvingane utover den kraftige auka me allereie teke, steg for steg i budsjetta. Og med ein finansminister som òg har et sterkt engasjement for jernbana, kan me forvente ei satsing som vil liggje på eit langt høgare nivå enn me har vore vane til over tid.

Regjeringsskiftet i 2005 førte til nytt fokus på samferdsel og meir midlar til sektoren. Berre frå i fjor til i år har me auka løyvingane med over 25 %. Ikkje berre har me sett oss klart høgare mål enn dei før oss – me har som første regjering greidd å levere, og innfridd rammene i Nasjonal Transportplan. Det har aldri skjedd før så lenge me har hatt denne planen. Men me kviler ikkje på laurbæra – me skal vidare og set oss heile tida nye, djerve mål. Det viste me i budsjettet, det viste me i tiltakspakka – og det skal me vise i Nasjonal transportplan 2010-2019 – som blir lagt fram om kort tid.

Me har òg vore opptekne av effektiv framdrift. Då me overtok regjeringsmakta sto utbygginga av nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika  i fare for å stoppe opp, no er framdrifta god. Utbygginga vil gi ei dobling av kapasiteten i sporet. Reisetida mellom Skøyen og Asker vil bli redusert frå 20 til 13 minuttar. I tillegg vil trafikken bli langt meir punktleg. Regjeringa har fått tilslutnad i Stortinget for ei restverdisikring som har gjort det mogleg for NSB å setje 50 nye togsett i bestilling, noko som vil gje eit anna og langt betre togtilbod i Austlandsområdet frå 2012. Særleg dei reisande vest frå inn mot Oslo vil få ein heilt annan reisekvardag.

No veit eg at me i dag skulle ha drøfta nettopp NTP nærare, det blir jo litt vanskeleg slik situasjonen er no, eg håpar de har forståing for at eg ikkje kan lekke frå ein plan som først kjem om nokre dagar, same kor lyst eg måtte ha. Det eg derimot kan gjere er å snakke litt om det me har gjort til no – og love at dette vil bli følgd godt opp i NTP. Sjølv om de veit at eg ikkje kan seie så mykje om innhaldet her i dag, kan eg love at me skal følgje opp satsinga i statsbudsjettet med eit ytterlegare løft på samferdsleområdet i nord, sør, aust og vest. For jernbana sin del  vil me særleg leggje vekt på Inter City, på områda rundt dei fire største byane og på godstrafikk.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Det er mykje som gjenstår og me set oss stadig nye mål. Me må ta grep for å vedlikehalde jernbana, vegane og hamnene våre – men me må også samstundes bygge meir nytt. Me må tenkje rettferd og at heile landet skal med. Særleg i dei områda der ikkje jernbana er eit alternativ må innsatsen på veg aukast.

Me veit at det gjennom fleire tiår har vorte brukt for lite pengar både på investeringar og på vedlikehald. Difor er store deler av infrastrukturen nedsliten og lite oppdatert. Dette vedlikehaldsetterslepet kan me ikkje oversjå lenger. Nokon lyt ta ansvar, og det vil me ta. Transportetatane har i sitt forslag til NTP 2010-2019 føreslått ei ytterlegare opptrapping av vedlikehaldsinnsatsen. Regjeringa har allereie gjennomført ei auke i vedlikehaldsløyvingane, noko enkelte heva kritiske røystar mot tidleg i denne stortingsperioden. Med dei store problema jernbana opplever som fylgje av at ein i år etter år har skuve vedlikehaldet føre seg, meiner eg det er rett med ei ytterlegare opptrapping i NTP utover det nivået vi har hatt dei siste åra.

Alt dreier seg heldigvis ikkje berre om å rette opp att tidlegare manglande prioritering av vedlikehald og fornying. På Austlandet og rundt dei store byane er det grenser for kor mange fleire tog det er mogleg å køyre på dagens nett. Samstundes ser me at etterspurnaden etter persontransport på tog aukar år for år. I tillegg til å satse på å forbetre kvaliteten på eksisterande jernbanenett, må me òg investere i infrastruktur for framover å kunne tilby eit utvida tilbod til dei reisande. Det er stort behov for både strekningsvise investeringar og mindre tiltak. Me ønskjer ikkje berre å vedlikehalde landet, men òg å byggje det – og skal me få til det, må det meir pengar til.

Statsbudsjettet og tiltakspakka
Statsbudsjettet for 2009 som vart lagt fram i haust var det beste jernbanebudsjettet i manns minne.

I januar la me så fram tiltakspakka vår. Den er ein dugnad, ei grøn opprustning og eit løft for å gje arbeid til folk i heile landet. Me tykkjer det er viktig å bruke situasjonen me no står oppe i til å byggje landet og ta eit krafttak for å ruste opp bygg, vegar og jernbane. Difor er dei to heilt sentrale delane i tiltakspakka ei styrking av kommunane med 6,4 milliardar kroner og ei tilleggsløyving til samferdsle på 3,8 milliardar kroner. Pengane er godt geografisk fordelt over heile landet, sjølv om det sjølvsagt – som alltid – er nokon som meiner at andre har fått for mykje og dei sjølve for lite.

Tiltakspakka saman med auken i ordinært budsjett for 2009 er samferdslebudsjettet no auka med heile 25 prosent frå 2008. Det er den største aktivitetsauken nokon sinne på samferdslesektoren og betyr at me får sett hender og maskiner i arbeid og rusta opp ei mengd veg- og jernbaneprosjekt. Og det er godt å sjå at desse tiltak alt har gjeve effektar i arbeidsmarknaden.  

Tiltakspakka gir 1,3 milliardar kroner til jernbana. Det gir eit betre og meir punktleg jernbanetilbod for folk og næringsliv rundt i landet – og får fleire hender i arbeid raskt. Midlane vil bli nytta til å framskunde utbygging og planlegging av fleire større prosjekt på jernbanenettet, tiltak for meir punktleg tografikk, betre publikumsinformasjon og å gjere stasjonane betre tilgjengeleg for alle grupper av reisande.

Med den varsla auken i tiltakspakka vil jernbaneformål få 2,6 milliardar kroner meir i 2009 enn i 2008. Eit jernbanebudsjett på over 10 milliardar kroner varslar ei ny tid for jernbana og gjer det mogleg å få til naudsynt opprusting. Tidspunkt for starte dei føreslåtte tiltaka vil variere noko, men arbeida vil i hovudsak kome i gang frå februar/mars og utover våren 2009.

Gods på bane og næringslivets transportbehov
Eit av mine politiske hjartebarn er næringslivets transportbehov. Skal me leve godt i heile landet vårt, må folk ha noko å leve av, og då er det ein føresetnad at næringslivet har gode konkurransevilkår. Lange avstandar og vanskeleg geografi gjer at gode transportmoglegheiter er eit overordna spørsmål, om ein produserer for eksport eller heimemarknaden.

Me vil aldri kunne bli heilt kvitt avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrentar i land tettare på marknadane, men eg vil bidra til ein utjamning av kostnadsskilnadane slik at me framleis kan ha eit livskraftig næringsliv i utvikling. Regjeringa har allereie gjennomført ei rekkje tiltak for å gje næringslivet betre transportvilkår, ikkje minst for å flytte meir godstrafikk over frå veg til bane. I statsbudsjettet for 2009 er om lag 580 millionar kroner sette av til prosjekt og tiltak med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane, til kryssingsspor og til andre tiltak for å auke kapasiteten på jernbanenettet. Dette vil òg stå sentralt i ny NTP.

Nye togsett
Når det no er god framdrift på utbygginga av meir kapasitet i sporet, vil det om nokre år bli behov for meir materiell for å kunne utnytte denne kapasiteten. Det er ei så stor hending sidan sist vi møttes at eg må seie litt om det.

I den rammeavtala Samferdselsdepartementet har framforhandla med NSB er det sett av inntil 41 millionar kroner (2007 kr) ekstra til å betre togtilbodet på Nord-Jæren. Det vil gje folk på Nord-Jæren  eit langt betre tilbod. Det er viktig i ein region som slit med store og aukande framkomst og miljøproblem.

Også dei reisande i Austlandsområdet vil få vesentleg betre kår når det nye dobbeltsporet mellom Lysaker og Sandvika står ferdig i 2012. Den nye infrastrukturen vil tillate både eit større tal avgangar og ikkje minst eit jamnare stoppmønster enn i dag.

Men til det treng me fleire tog! Me er difor særs godt nøgd med at NSB har fått grunnlag for  å kjøpe inn 50 nye togsett. Kvart tog har fem vogner. Det gjev NSB meir enn 14.000 nye sete! Desse skal erstatte utrangert materiell og med det betre komforten til dei reisande, og ikkje minst bidra til auka kapasitet. Prosjektet representerer den største enkeltinvesteringa i NSBs historie og togsetta skal vere klare til bruk frå 2012, samstundes med at dobbeltsporet i vestkorridoren skal stå ferdig.

Togkrøll
Eg ser særs alvorleg på dei problema som forseinkingar og innstillingar skapar for folk som skal rekke jobb og barnehage. Dårleg infrastruktur og nedslitne anlegg er ei viktig årsak til problemet, og det skuldast at det gjennom fleire tiår er brukt for lite pengar på jernbane. Men tiltak hjelper. Ingen av dei mange forseinkingane den siste tida skuldast feil i Oslotunnelen – som har vore det store problemet tidlegare. Vi har sett inn ekstra ressursar og det gir resultat.

Det er nettopp difor regjeringa har auka investeringsnivået til jernbana med heile 176 prosent sidan eg vart samferdselsminister. Me har blant anna sett av midlar for å få slutt på saktekøyring på Bergensbanen og Dovrebanen, og me gjennomfører ei rekkje tiltak i Oslotunnelen. Begge deler vil få store positive ringverknader for trafikken i heile landet. Problemet er at det tek det tid å ruste opp og bygge nytt. Ein stor del av innstillingane me har sett i det siste, skuldast at det blir utført arbeid for å ruste opp liner, stasjonar osv. Når ein driv restaurant kan ein stenge medan ein pussar opp – men når det gjeld toga må me faktisk pusse opp samstundes som me har servering nesten heile døgeret.

Det må diverre, som Barack Obama seier, bli verre før det kan bli betre. Men det skal bli betre. Jernbaneverket meiner det skal være mogleg å redusera talet på timar med forseinkingar med 20 prosent i løpet av eit års tid med dei ressursane dei har fått og no får i 2009. 

I tillegg til alle pengane me no brukar på jernbane, får alle reisande med NSB no ein reisegaranti, slik at dei får kompensasjon når toget er forseinka. Me jobbar med betre reiseinformasjon, me har forhandla fram ein avtale med NSB som gir 15 prosent vekst i togtilbodet, og nylig kom nyhenda om at 4 milliardar kroner til 50 nye togsett. Alt dette varslar ei ny tid for jernbana. Målet vårt er likevel alltid å bli betre. Eg vil difor vurdere om det finst ytterlegare tiltak som kan gjennomførast på kort sikt.

Eg er elles oppteken av behovet for gode regionale prosessar. Det må satsast på kollektivtransport som byggjer opp om banen, utvikling av stasjonar og funksjonane rundt. Fylka og kommunane må meir på banen. Eg er oppteken av at Jernbaneverket og NSB skal ha ein dialog med fylke og kommunar om den langsiktige utviklinga av kvar banestrekning. Korleis kan vi på ein betre måte både på kort og lang sikt leggja til rette for utveklinga av vår banestrekning? Kan vi gjere meir i høve til parkering? Kan vi utvikle funksjonar omkring stasjonane som gjer togreisa meir attraktiv? Kor skal den langsiktige fortettinga og arealutviklinga skje?

Me brukar meir pengar, og me brukar dei betre. Me brukar meir til vedlikehald og vi har prioritert hardt slik at vi har sikra god framdrift på prosjekt som er starta opp. Vinsten vil haustast i åra som kjem. Vi vil gradvis få mindre feil på anlegga etter kvart som vedlikehaldsarbeidet går framover. Og når vi brukar investeringsressursane konsentrert og effektivt får vi meir jernbane for pengane og vi sikrar at dei prosjekta som nå står for tur og kan halde god framdrift.

Eg meiner at jernbana i Noreg har ein lysande framtid. Det vil bli betre vedlikehald, det vil bli auka infrastrukturkapasitet og det vil bli fleire tog. Me har verkeleg forsøkt å satse systematisk i forhold til alle dei utfordringane jernbana har. Dei enkeltvise satsingane er viktige, men det aller viktigaste er effekten av desse tiltaka samla.

Jernbana går ei lys tid i møte, og eg gler meg til å vere med på den saman med dykk! 2009

Valdresbanen kjører på Numedalsbanen

(August 2008) AS Valdresbanens motorvogn 86.12 vil 12. - 14. september gå i trafiikk på Numedalsbanen i forbindelse med markedsdag i Numedal. Valdresbanen kjører lørdag og søndag på oppdrag fra Numedalsbanen AS og Numedalsbanens Venner . Fredag kjøres også tur med motorvogn for det lokale historielaget. Det blir også kjøring med damptog med damplok 271. Se www.numedalsbanen.no.

September 2008

Sommerens siste tog Eina-Hov

Søndag 31. august går sommerens siste togtur på Valdresbanen. Det kjøres to tog, med servering ombord, i hver retning mellom Eina og Hov. Benytt sjansen til en flott togtur!  (se rutetabell under). Togene korresponderer med NSBs tog på Gjøvikbanen. Ta med familie og venner på en langsom tur gjennom landskapet i den gamle motorvogna. Turen byr på koselig atmosfære og god anlendning til å nyte naturen langs Trevatna, over Skruklia og ned mot Randsfjorden. Det er også servering ombord, og du kan benytte anledningen til å kjøpe Valdresbane-effekter, blant annet Valdresbane-DVD-en, bøker om banen og den rykende ferske suvenirkalenderen Valdresbanekalenderen 2008-2009.

Søndag 31. august kan du også stige av toget på Klinkenberg og se kunstutstillinga Land og vann på Grette Galleri (300 meter fra Klinkenberg st.). Opplev det nye, flotte fjøsgalleriet. Kunstnere: Mona Hauga (malerier), Jens Ladehaug (fotografier), Laila Marie Brenno (keramikk), 3FA Dokka videregående skole (malerier). Du kan også ta deg en rusletur i kulturstien på Grette kulturgård. 

Rutetider for søndager i juli og august:

Oslo (NSB)

09:07

11:07

Eina (NSB)

10:44

12:43

Eina

10:50

13:30

Trevatn

11:07

13:47

Skrukli

11:19x

13:59x

Fall

11:33

14:13

Klinkenberg

11:37x

14:17x

Hov

11:48

14:28

Hov

12:05

14:50

Klinkenberg

12:15x

15:00x

Fall

12:21

15:06

Skrukli

12:33x

15:18x

Trevatn

12:46

15:31

Eina

13:03

15:48

Eina (NSB)

13:53

15:56

Oslo (NSB)

15:34

17:34

x) Stopper om det trengs.

 

Med forbehold om endringer. Se www.valdresbanen.no eller ring turistkontoret på Dokka stasjon tlf. 61112630. Dersom Jernbaneverket åpner banen fram til Dokka vil rutene bli endret.
August 2008

Bompengerekord
Nye Valdresbanen har i 2008 satt ny årsrekord i salg av bompengebilletter med en samlet sum på 51.010 kroner. Det betyr at svært mange har sikret seg bompengebilletten for 2008, som har motiv fra Tonsåsen. Bompengebilletten er sendt ut til dem som har forhåndsbetalt og forhåndsbestilt. Totalt på de seks første åra vi har hatt salg av bompengebilletter, er det kommet inn vel 210.000 kroner. Det er nå mulig å sikre seg bompengebilletten for 2009 ved å betale inn minimum kr 90 til Nye Valdresbanen, Bompengekasjonen, Boks 122 2901 Fagernes på konto 1080.19.71526. Valdresbanen har brukt de innsamlede pengene til rydding langs sporet og utbedring av skinnegangen. Jernbaneverket har hittil ikke vært villig til å betale tilbake forskutteringen av det omfattende utbedringsarbeidet som Valdresbanen utførte etter flommen i august 2007. Valdresbanen er for øvrg i ferd med å anke avgjørelsen. Bompengene kommer derfor vel med.

Salget av motorvognandeler har også gått bra. Hittil er det kommet inn kr 87.400. Også bestilte motorvognandeler vil bli sendt ut i slutten av uke 48. Motorvognandeler kan fortsatt bestilles ved å betale inn kr 200 per andel til Nye Valdresbanen, Motorvognkampanjen, Boks 122, 2901 Fagernes på konto 1080.19.71526.
05.01.09

Gjøvikbanen får kryssingsspor

Regjeringa har i Nasjonal  transportplan 2010-2019 lagt opp til bygging av 8-14 nye eller forlengede kryssingsspor  på Gjøvik- og Bergensbanen. I tillegg skal kontaktledningsanlegget  fornyes mellom Roa og Gjøvik.

Regjeringa vil legge til rette for kryssing av 600 meter lange godstog. I første del av planperioden (2010-2013) vil kryssingsspor på Sørlandsbanen, Gjøvikbanen/Bergensbanen og Dovrebanen bli prioritert. På søndre del av Gjøvikbanen  og Bergensbanen skal det i planperioden bygges og forlenges 8-14 kryssingsspor. Kryssingssporene vil også være til nytte for persontrafikken.

Regjeringa foreslår at  det i perioden 2010-2013 skal brukes 980 millioner kroner  og i hele perioden 2010-2019 i alt 2604 millioner kroner på Bergensbanen mellom Hønefoss og Bergen, og i disse summene inngår også kapasitetsøkende tiltak på Gjøvikbanen.

Men allerede i 2009, uavhengig av Nasjonal transportplan, er det satt  av midler til bygging av nytt kryssingsspor på Jensrud, mellom Hakadal og Stryken, for å styrke kapasiteten på Gjøvikbanen. Anleggsarbeidene starter ifølge Jernbaneverket høsten 2009.

Prosjektet vil gi færre forsinkelser og en mer robust trafikkavvikling for alle typer tog. Utbyggingen vil bidra til å etterkomme Jernbaneverkets strategi om å gjøre plass til flere godstog mellom Oslo og Bergen, og til at strekningen skal kunne trafikkeres med 600 meter lange tog i framtida. Det har ikke vært kryssingsmuligheter her tidligere, og den nye kryssingssporet blir 856 meter langt. Kostnadsrammen for prosjektet er 87 millioner kroner. Reguleringsplanen er ute til offentlig behandling i vår og blir trolig vedtatt i kommunestyret i juni. Etter sommerferien planlegges omlegging av kabler og jernbanetekniske anlegg. Seinhøstes vil så grunnarbeidene starte for fullt. Det nye kryssingssporet skal stå ferdig tidlig på nyåret i 2011.

Mars 2009


Håper på tog i høst

Valdresbanen er for tiden ikke åpen for togtrafikk på grunn av vedlikeholdsbehov og pågående saksbehandling i Jernbaneverket. AS Valdresbanen håper å kunne kjøre noen tog på deler av banen i høst, men det er foreløpig uvisst om det blir tursittog på banen i 2009. For uten arbeidet for å sikre banens framtid, arbeider AS Valdresbanen for tiden med med oppgradering av motorvogna og vedlikeholder stadig lisensen til å kjøre tog på det offentlige jernbanenettet. Ny informasjon om tog i 2009 blir lagt ut på nettsidene så snart den foreligger.

Artikkelen ble oppdatert 20.06.2009.


Stor interesse for tømmertrafikk på Valdresbanen

Det er et ønske i markedet for å kjøre tømmertog på Valdresbanen igjen. Det er konklusjonen i en markedsundersøkelse som Jernbaneverkets seksjon for kunde- og markedsrelasjoner har gjennomført.

 

- Det er svært positivt at Jernbaneverket har gjennomført denne markedsundersøkelsen. Den gir oss et grunnlag for videre arbeid med opprustning av Valdresbanen. Det er viktig å satse på kombinasjonen lastebil og jernbane for tømmeret i distriktet vårt, ellers risikerer vi at lønnsomheten i skogbruket blir spist opp av transportkostnadene, sier styreleder i AS Valdresbanen, Margit Rognerud.

Av Jernbaneverkets kartlegging går det fram at tømmernæringen, representert ved fire høringsuttalelser, er unisont positive til trafikk på Valdresbanen. Tømmernæringen opplever stadig knappere marginer, og ser et innsparingspotensial ved å lede trafikken fra vei og over på bane.

De konkluderer med at kjøring av tømmertog på Valdresbanen vil gi positive synergieffekter for både tømmernæringen, miljøet og trafikksikkerheten på veiene i Oppland. Det pekes videre på at en eventuell oppgradering av Valdresbanen vil kunne skje uten at øvrig trafikk forstyrres, ettersom det ikke er togtrafikk på strekningen i dag.

-Valdresbanen kan med fordel inngå i eventuelle framtidige krisepakker i forbindelse med finanskrise eller sysselsettingssvikt. Det anbefales i så måte at banen oppgraderes til 22,5 tonns aksellast, og forberedes for trafikk med tømmervogner med lasttilfelle L1, heter det i notatet fra markedsrelasjonen.

Jernbaneverket har tidligere laget en kalkyle som konkluderer med et opprustningsbehov for den 47 kilometer lange strekningen mellom Eina og Dokka for 214 millioner kroner. AS Valdresbanen har i sin høringsuttalelse lagt til grunn at de opprustningskostnadene Jernbaneverket har lagt fram synes å være for høye. AS Valdresbanen har derfor kontakt med svenske konsulenter som arbeider med å lage et alternativt vedlikeholdsprogram og kostnadsoverslag. Foreløpig utkast skisserer at kostnadene kan reduseres og fordeles over flere år. Da kan tømmertransporten komme i gang tidligere og lønnsomheten ved opprustning vil antagelig øke. AS Valdresbanen venter nå på framlegging av dette kostnadsoverslaget.
Mars 2009

Nye Valdresbanen 20 år

20. april 2009 er det 20 år sidan interesseforeininga Nye Valdresbanen vart stifta. Det skjedde på Fagerborg Gjestehus på Leira i Valdres. Eit interimstyre med Bjørn Stendebakken som initiativtakar og leiar vart sett ned alt 28. desember 1988, tre dagar før den ordinære persontrafikken på Valdresbanen vart innstilt.

På stiftingsmøtet var stemninga høg og optimismen stor. Fylkesmann Knut Korsæth var ordstyrar og Valdresbanefilmen til Ingolf Iversen vart vist. Ivar Aars vart vald til leiar. Med seg i styret hadde han Bjørn Stendebakken, Jahn Børe Jahnsen, Ivar Brænd, Ove Fuglehaug, Gunvor Rognså og Brynjulf Bakken.

Nye Valdresbanen hadde som formål å ta vare på mest muleg av banen og bidra til å få i gang att togtrafikken. Nye Valdresbanen arrangerte i  juli same år fleire togturar på banen med til saman 1100 passasjerar. Togturen vart arrangert i samarbeid med Norsk Jernbaneklubb.

Nye Valdresbanen er hovudaksjonær i driftsselskapet AS Valdresbanen som vart stifta to år seinare.

NVB og ASVB har sidan starten i 1999 transportert ca 15.000 passasjerar med turist- og veterantog, og rundt  4.000 turistar har sykla dresin på banen mellom Dokka og Leira.

AS Valdresbanen kjøpte i 1998 tre motorvogner og ei styrevogn til bruk på banen, etter at det gjennom ei andelsteikning vart samla inn 300.000 kroner. Den eine motorvogna er renovert for rundt 700.000 kroner og er godkjent for bruk på banen.

Nye Valdresbanen er i dag støtteforeining for AS Valdresbanen og har rundt 500 medlemmer.

-Målet nå er å få rusta opp igjen banen, slik at vi kan kjøre tømmer og turistar heilt til Dokka. Samtidig tilbyr vi dresinkjøring med tandemdresinar på den øvre delen av banen mellom Dokka og Bjørgo, seier styreleiar Nicolai Christie.
April 2009

Møte om tømmertrafikk
AS Valdresbanen arrangerte åpent møte om tømmertransport på Valdresbanen på Ankalterud gård på Dokka torsdag 11. februar. Rundt 40 personer var til stede på møtet. Det var foredrag ved næringspolitisk sjef i Norskog, Gaute Nøkleholm, tidligere direktør i den svenske Inlandsbanan, Sven Järnberg, jernbanegründeren Sverre Alvarsson og jazzmusikeren Jon Balke. Sistnevnte, som har bosatt seg på småbruket Madsstuen i Fall, snakket om sin visjon for Valdresbanen som kulturbane.
Februar 2010

Møte om tømmertransport på Valdresbanen


Den siste tømmertrafikken på Valdresbanen ble innstilt i 1999, og det blir nå abeidet for å dra den i gang igjen.
I 1981 var Dokka den største tømmeropplastingsterminalen i landet med 3.747 vognlaster. Etter nedlegginga av trafikken på nordre del av banen fra 1989 var også trafikken på banen stor. Det ble transportert mellom 60.000 og 70.000 kubikkmeter med tømmer ut fra Dokka hvert år. I tillegg ble det årlig transportert 40.000-45.000 kubikkmeter med flis fra Land Sag.

Etnedal positive til tømmerbane
Etnedal
 kommunestyre går inn for at man skal 
utrede tømmer- og godstransport på Valdresbanen. Det ble vedtatt i kommunestyret i desember 2009.
Februar 2010

Politiker-ja til Valdresbanen:
Positive til satsing på Gjøvikbanen og Valdresbanen
Stortingskandidatene til de tre rødgrønne partiene i Oppland, samt
Venstre og KrF, vil støtte tiltak for å få i gang igjen
tømmertransport på Valdresbanen.
Det viser en spørreundersøkelse som AS Valdresbanen og
interesseforeningen Nye Valdresbanen har gjennomført. 12 av 17 kandidater
har svart på henvendelsen. Høyres og Fremskrittspartiets kandidater har
ikke svart innen fristens utløp.
Tømmer og turister
Det er stilt spørsmål om kandidatene vil støtte gjenopptagelse av
tømmertransporten til Dokka/Tonsåsen, om Valdresbanen fortsatt bør være
en del av det nasjonale jernbanenettet, om de vil støtte opprustning av
banen og om AS Valdresbanen bør få fortsette sin virksomhet med
dresinutleie og kjøring av veteran- og turisttog. Til slutt er det stilt
spørsmål om opprustning av Gjøvikbanen, og om hvor mye reisetida bør
være ved Transportplanens utløp i 2019.
Alle partiene støtter initiativet for tømmertransport , og de gir sin
tilslutning til at AS Valdresbanen fortsatt skal få muligheten til å
satse på turisttog og dresinutleie til turister.
Penger til vedlikehold
-Vi vil støtte tiltak for å få mer gods fra veg og over på bane, dette
gjelder også tømmertrafikk på Valdresbanen. Vi mener at Valdresbanen
også bør vedlikeholdes, slik at det blir mulig. Vi vil også at det skal
være mulig å drive banen som turistbane, men når begrensede midler skal
fordeles, må det store behovet på Dovre- og Gjøvikbanen prioriteres
først, heter det i et fellessvar fra de fem toppkandidatene til
Arbeiderpartiet (Rudihagen, Aasrud, Hagebakken, Håheim og Johnsen).
Også de to toppkandidatene til Senterpartiet støtter opprustning for
transport av tømmer og turister.
-Senterpartiet vil gå inn for opprustning av sporet slik at man kan komme
videre i arbeidet med å få tømmertransporten tilbake, og skogeierne må
forplikte seg til å bruke banen, skriver Senterpartiets toppkandidat, Anne
Tingelstad Wøien.
Toppkandidat for SV, Aksel Hagen, mener at mest mulig gods og tømmer må
over på bane, og at også Valdresbanen må benyttes her. Også Venstre vil
ruste opp Valdresbanen for tømmertrafikk, men ifølge andrekandidat Ketil
Kjenseth vil Venstre først prioritere Gjøvikbanen og opprusting av Eina
stasjon som godsterminal. Også KrF stiller seg positivt, men listetopp
Hilde Ekeberg mener det er vanskelig å ”love” penger til Valdresbanen
ettersom banen ikke er inne i de nasjonale samferdselsstrategier.
Raskere på Gjøvikbanen
Samtlige partier ønsker opprustning av Gjøvikbanen. Stikkord er bygging
av nye krysningsspor, samordning med T-banen i Oslo, ny strømforsyning og
sanering av planoverganger. Senterpartiet nevner også kurveutrettinger og
utbedring av plattformer.Venstre mener det bør investeres 500 millioner
kroner på 6-8 år. Gerd Myklebust Wang (KrF) og Ketil Kjenseth (V) mener
at kjøretida Oslo-Gjøvik bør ned i 1 time 30 minutter innen 2019, mens
Aksel Hagen (SV) mener at Gjøvikbanen bør bli en del av en
høyhastighetsbane over Vestoppland og at kjøretida da må komme under en
time. I dag er kjøretida mellom Oslo og Gjøvik ca 2 timer.
Krafttak for jernbane
-Vi synes at svarene til de enkelte kandidatene er svært positive. Det
vitner om at det er politiske vilje til å ta et krafttak for jernbanen, og
at man også ser nye muligheter for sidebaner der den ordinære trafikken
har vært innstilt i mange år, seier styreleder i AS Valdresbanen, Margit
Rognerud
10.09.09

Valdresbanen


Valdresbanen sommeren 2010



Norsk: Det er usikkert om AS Valdresbanen sommersesongen 2010 vil kjøre turist- og veterantog på Valdresbanen fordi Jernbaneverket ikke har ressurser til justering av sporet før sesongstart. AS Valdresbanen håper imidlertid at det skal bli mulig å kjøre kortturer Eina-Trevatn i september. 

Banen går gjennom vakkert kulturlandskap og uberørte skogsområder. Når banen er i drift, er det også mulig å leie toget til charterturer.

I perioden mai-oktober blir det mulig å leie dresiner mellom Dokka og Bjørgo i Valdres fra Dokka stasjon. Rutetidene finnes i menyen til venstre.  Se www.valdresbanen.no eller ring tlf. 61 11 26 30.

English: Valdresbanen is the management company operating the tourist- and museum train between Eina and Hov in Norway. For charter trips and visting tourists. But in 2010 there will be no train  traffic because the norwegian Railway Company has got no money til fix the track. 

Yoy may hire velocipede trolleys at Dokka station, between Dokka and Bjørgo in Valdres. The 47 km long line passes through beautiful cultural landscape and pristine forest areas. Outstanding view of Trevatn, Randsfjorden and the Dokka delta. For more details: www.valdresbanen.no or tel. 47 61 11 26 30.

Deutsch: Die Valdresbahn betreibt den Museumszug zwischen Eina und Hov im Norwegen. Charterzüge, Touristenzüge und Dräsinverleih. Die 47 km  lange Strecke führt durch eine Kulturlandschaft und unberührtes Waldgebiet. Einzigartige Aussicht über das Trevatn, den Randsfjord und das Dokkadelta. Aber in 2010 wir haben nur Dräsinverleih. Weitere Information: www.valdresbanen.no oder tel. 47 61 11 26 30.




dvd






Aktuelt:
Ny Valdresbanekalender!!
2010-2011 i handelen
Les mer 

Ny Valdresbanekalender!! Motorvognaksjonen
Innsamla hittil: 91.600
Les mer 

Bildespill
Vi har fått inn dette bildespillet på e-post
Les mer 



Kr 55.700 til Bompengeaksjonen

Til 03.09: kr 55.700 Sidan sist: kr 100
Les mer 

Dugnad i Eina lokstall 21. august
Lyst til å bli med en lystig gjeng på dugnad? Neste dugnad lørdag 21. august kl 10.00.
Les mer 

Dugnad i Eina lokstall 21. august

Valdresbanen som kunde

Valdresbanen bidrar i lokalmiljøet
Les mer 

Ny bildeserie
Dampbilder fra 100-års feiringen av Valdresbanen er publisert! Klikk på "Fotoalbum" i menyen
Les mer 

Dresin til Margit og Valdresbanen

Les mer 

Suksess for motedesignerne fra Valdresbanen
Designerduoen Arne & Carlos, som bor på Tonsåsen stasjon på Valdresbanen, gjorde i fjor suksess med sine moteframvisninger på Flytoget. I år viste Arne Nerjordet og Carlos Zachrison sine kolleksjoner for et stort publikum på Oslo S.
Les mer 

Valdresbanen i bilder, flott bildehistorie
Vi har utgitt og selger en flott bildebok med 370 bilder fra Valdresbanen 1900-2005.
Les mer