Kan vi rulle på Valdresbanen til sommaren?

Laurdag 8. mai var det dugnad på Valdresbanen på Eina, Hov, Dokka og strekninga Dokka-Fluberg bru. 11 personar var i aksjon. På Eina vart det blant fleire ting utført batterirevisjon på motorvogn BM 86 G 12, på Hov vart rekkverket over Lauselva reparert, mellom Dokka og Fluberg bru vart det utført hogst langs sporet, og planovergangar vart reinska. På Dokka vart det montert inn ny ytterdør i det raude skuret, OBW-en vart lada og det vart rydda vegetasjon. Så langt ser alt bra ut. Snøen er nå så godt som borte, og 1. juni håpar vi – med godkjende koronarestriksjonar – å koma i gang med dresinsesongen. Men før den tid skal det utførast krattknusing, og sporet skal godkjennast fordresinkjøring. Følg med på www.valdresbanen.no for melding om endeleg opningsdato.