Ingen ras på dresinbanen

Bjørn Karsrud, Jonny Rosenberg og Torgrim Kristoffersen konstaterer at det ikkje har gått ras på dresinbanen og jublar over at dresintrafikken på Valdresbanen kan settast i gang att.

På visitasjonsrunden etter raset kunne Valdresbanens tre linjevisitørar (bildet) også sjå at  den nye fyllinga nord for Fluberg overlevde ekstremvêret «Hans». Vårflaumen tok ein del av denne fyllinga. Den vart utbetra gjennom tilkjøring av seks lastebillass med kult og sprengstein, og frakta ned til rasstaden med Valdresbanens skinnegåande traktor. Det skjedde etter stor dugnadsinnsats. Valdresbanen var elles føre var og rydda opp i ein tilgrensande bekk og stikkrenne dagen før uvêret sette inn.

På to plassar har Valdresbanens frivillige banemannskap grøfta bekkevatn vekk ved å lage veit mellom to sviller. Elles er banen i god stand til dresinkjøring.

Men det heftige regnvêret har ført til stor grasvekst langs sporet. Valdresbanen anbefaler derfor dresinsylistane å bruke lang bukse. På grunn av uvêret var Valdresbanen stengd 7. – 16. august. Dresintrafikken vart sett i gang att torsdag 17. august.